[email protected]


Logo
Bli medlem
Tirsdagskafeen

J2007 klar for fotballsamarbeid med Sandviken

Forfatter: Spoortz Admin

03. november 2019

Fotball
News article image

Nordnes J12 har fullført sesongen 2019, og ser nå fram til samarbeid med IL Sandviken.

2007-jentene i Nordnes har spelt fotball saman sidan 1. trinn og har markert seg som eit av dei beste laga i byen. Når J12-sesongen nå er over, går jentene ungdomsfotballen i møte i samarbeid med Sandviken. På fredag blei slutten på ein epoke - og starten på ein ny - markert med treningskamp mellom Nordnes og Sandviken på Stemmemyren. IL Sandviken sørga for ei flott ramme rundt kampen, med innmarsj og fyrverkeri, spelaropprop, musikk og servering etter kampen. Det var også bra med liv på tribunen, med ivrig heiing frå lojale NIL-supporterar.