[email protected]


Logo
Bli medlem
Tirsdagskafeen

Årsmøtet 2020 er gjennomført

Forfatter: Spoortz Admin

11. juni 2020

Forside
News article image

Torsdag 11. juni var det endeleg duka for årsmøte i Nordnes IL - tre månader på overtid og under særs trygge forhold. Vi har også takka av ein klubbleiar og fått ein ny.

Årsmøtet skulle eigentleg haldast den 12. mars, men måtte utsetjast som følgje av corona-utbrotet. I kveld ble det avvikla i Nordneshallen, og med 11 møtande medlemmer skjedde dette (med god margin) innanfor gjeldande smittevernrestriksjonar. Vi held det nydelege sommarvêret ansvarleg for dei tomme stolane.

Jobben blei likevel gjort og årsmøtet godkjente mellom anna årsmeldingar, rekneskap og budsjett, i tillegg til å vedta nokre mindre vedtektsendringar. Eit nytt hovudstyre er også på plass og fleire andre verv er fylt med ildsjeler på Nordnes.

Glenn Tony Tefre har vore klubbleiar sidan 2017, men har nå overlevert stafettpinnen til Gisle Nygård.

Før Glenn blei klubbleiar sat han fleire år som leiar av BU-styret i fotballgruppa, og har i tillegg vore aktiv som fotballtrenar i barne- og ungdomsavdelinga. Han har altså hatt ein sentral posisjon i klubben, og fortener ein stor og hjarteleg TAKK for innsatsen! Heldigvis blir Glenn med oss vidare, om enn i andre roller - herunder som medlem av styret i Stiftelsen Nordneshallen.

Gisle har vore medlem av hovudstyret sidan 2018 og er trenar for Nordnes IL sitt lag i Gullserien, som er eit kamp- og serietilbod for handballspelarar med funksjonsnedsetting og spelarar som ikkje finn seg til rette på andre lag. Han har også lang fartstid som handballpappa i klubben.